Platycerium bifurcatum

Namn: Hjortehornbregne (Platycerium bifurcatum). Engelsk: elkhorn, antilope ears. Det latinske namnet kjem frå gresk platys (brei) og keras (horn), som henspeler på dei horn-liknande blada.

Slekt: Platycerium. 18 ulike artar, samt hybridar.

Familie: Bregner (Polypodiaceae)

Beskrivelse: Bregne med store blad som ser ut som elghorn eller hjortehorn (derav namnet - på norsk heiter den hjortehornbregne, på engelsk rett og slett elghorn)

Opprinning: Forhistorisk plante frå Australia, Papua New Guinea og New Caledonia (generelt for familien: tropiske og subtropiske område)

Bruk: Urban dekorasjonsplante i delar av Papua New Guinea. Og forøvrig elles i verda også.

Giftigheit: Planten er ikkje giftig (ved inntak av små/moderate mengdar er det ingen symptom på forgiftning).

Utsjånad: Dette er ein bregneplante. Planten har to ulike typar blad: store, flate elghorn-liknande blad som danner sporer til formeringa, og dekkblader som ligg oppå einannan og vert brune etterkvart. Desse danner humus som planten lever av og skal difor aldri fjernast. Planten vert 45 - 60 cm høg og 60 - 90 cm vid.

Blomer: Dette er ein bregne, så den blomstrer ikkje.

Vatning: Kalkfritt vatn. Den toler ikkje å tørke ut og heile potta kan gjerne senkast i vatn når den skal vatnast. Jorda skal vere fuktig, men unngå overvatning. Gamle plantar held på mykje vatn i dei brune dekkblada.

Lystilhøve: Lyst med god luftsirkulasjon. Tåler direkte sol.

Gjødsel: Treng ikkje gjødsel.

Temperatur: Denne arten kan tåle temperaturar ned mot 0 grader, men kan gjerne ha det varmare også om vinteren. Om sumaren tåler den høge temperaturar.

Luftfuktighet: Liker høg luftfuktigheit, men klarer seg også med mindre (feks i mindre tropiske område). Arten veks i Bush lands i Australia, med lite fuktigheit. Den skal ikkje dusjast, det kan gje flekkar på blada.

Anna stell: Veldig enkel plante, vert rekna som den enklaste av dei 18 platycerium-artane. Den er som gullfisken - de større behaldar, di større plante :-)

Jord: Jord utan kalk, men ikkje sur. Pottejord blanda med torv- eller barkemuld, eller orkidejord blanda med sphagnum-mose. Ha gjerne i ein del kol for å unngå sur jord.

Formering: Sporer, men framdyring på denne måten er særs tidkrevande - men gjev tilfredsheit :-) Planten kan også delast

Problem: Relativt enkel plante.

Lenkjer:

  1. The Platycerium Site
  2. The Fern Factory: Staghorn ferns
  3. Staghorn propagation
  4. Platycerium
  5. Platycerium bifurcatum 'Netherlands'
  6. Plants Database