Slekt: Nepenthes. Ca. 80 arter, bla. Nepenthes 'Velvet', Nepenthes 'Mixta Superba', Nepenthes Coccinea og Nepenthes alata.
Familie: Nepenthaceae Beskrivelse: Klatrande urter/halvbuskar frå 20 cm til 20 m med lansette- til smalt ovale blad som ender i ein slyngtråd eller i ein slyngtråd som har ei oppreist krukke eller kanne på enden. Opprinning: Sørlege og søraustlege Asia: Indomalesia, New Caledonean, Australia og Madagaskar. Spesielt mange artar finst på Borneo og Sumatra. Bruk: Fluepapir. Kannene fangar mange typar dyr (både kravlande og flygande) som lokkast av sukkerdufta. Giftigheit: Livsfarleg for insekt som vert lokka ned i kannene med søt duft - der dei vert bedøvd, fordøyd og fortært av væsker som utsondrast av kjertlande i kannene. Utsjånad: 20 cm til 20 meter høge klatrande urtar eller halvbuskar. Bladene er forma som lansetter eller eller smale og ovale. Bladene ender i ein slyngtråd som igjen kan ende i ei krukke/kanne. På toppen av denne kanna er det eit lokk. Inne i kanna er det tre soner; 1) øvst "ringen" med kjertler som avsondrer sukkerstoff, 2) deretter "glidebeltet" som er glatt - dekka med voks og nedoverretta hår og 3) nedst "kjertelsonen" der det avsondrast væske med fordøyelsesenzym. Blomer: Gule, grøne eller mahognybrune, lite prangande i ein klase anten i enden av hovudaksen eller i enden av sideakse. Kvar plante er (som regel) anten ein hann- eller hoplante. Blomstring krev at planten har særs gode utviklingstilhøve og det er kun fullt utvikla (dvs ganske store) plantar som blømer. Vatning: Kalkfattig/kalkfritt vatn (regnvatn). Haldast jamnt fuktige. Lystilhøve: Skuggeplante, trivst ikkje i sol. Liker lys, men solfri plassering, evt vintersol. Kannene vert bleike med for lite lys. Kunstlys kan brukast. Gjødsel: Plantane fanger sin eigen mat, men kan bladgjødslast ein gong i månaden i vekstsesongen: Dusj med vanleg gjødselblanding uttynna til maks 1/3 av normal konsentrasjon. Ikkje gjødning i plantevatnet. Kan ikkje matast med kjøt, fisk, kjeks o.a. mat den ikkje fanger sjølv. Temperatur: Låglandsartar: minst 21 garder. Høglandsartar: vinter: 18 - 22 grader, nattetemperatur minst 11 grader; sumardagar 22 - 35 gradar, nattetemperatur 11 - 15 grader. Lette å dyrke - forutsatt at temperatur og luftfuktigheit er passande... Kanner kan vere vanskeleg å få fram i vanleg stuetemperatur (her er drivhus ypperleg). Luftfuktighet: Relativt høg for å få fram kanner på planten. Anna stell: Jord: Sphagnum-torv med bark, leca og/eller trekol, gjerne også levande Sphagnum-mose. Fleire typer orkide-jord er bra, med unntak av "Green-Mix". Plastpotter (brukte leirpotter inneheld for mykje kalk), gjerne med store hol i sidene, evt tremme- eller nettkorger som til orkide-dyrking. Plantast om ikkje oftare enn annakvar vår (med mindre den vannast med kaljalding vatn). Fjern all gamal jord frå røtene, pakk ikke den nye jorda fast. Vanleg potteplantejord vert for kompakt. Om planten ser tafs ut, kan ompotting (med skifte av jord) hjelpe. Formering: Frøformering er vanskeleg, usikkert og langtekkeleg. Stiklingar tas slik: Når (småtafse) plantar skjærast ned i april-mai, kan det tas stiklingar av grøne stengelstykke med 3 blad: Fjern det nedste bladet, skjær ytste halvdel av dei øbvrige. Behandle stengelen med rotdanningshormon og stikk i (feks.) ren sphagnumtorv i potte. Sett i plastpose på lys stad utan direkte sol. Problem: Om planten får lus kan den dusjast i dusjen og evt dusjast med ineralolje om det er spinnmidd, ullus eller skjoldlus. Klipp vekk daude blad og sørg for god ventilasjon for å unngå mugg. Lenkjer: Vejledning i indendørs dyrkning af insektætende planter Indendørs dyrkning av Nepenthes Blomstrande Nepenthes 'Miranda' From Beautiful to Bizarre - ulike tropiske plantar. International Carnivorous Plant Society California Carnivores. Sel m.a. bøker, t-skjorter, filmar og planteutstyr - samt plantar (men kanskje ikkje for eksport til Noreg?). Nepenthes from Borneo Sumatra 1992 (reiseskildring) A trip to the Philippines - på jakt etter kjøtetande plantar. Flesh-eating Plants. Reiseskildring frå Borneo, med detaljar frå kordan planten tek til seg desse delikate insekta...
Opprinning: Sørlege og søraustlege Asia: Indomalesia, New Caledonean, Australia og Madagaskar. Spesielt mange artar finst på Borneo og Sumatra.
Bruk: Fluepapir. Kannene fangar mange typar dyr (både kravlande og flygande) som lokkast av sukkerdufta.
Giftigheit: Livsfarleg for insekt som vert lokka ned i kannene med søt duft - der dei vert bedøvd, fordøyd og fortært av væsker som utsondrast av kjertlande i kannene.
Utsjånad: 20 cm til 20 meter høge klatrande urtar eller halvbuskar. Bladene er forma som lansetter eller eller smale og ovale. Bladene ender i ein slyngtråd som igjen kan ende i ei krukke/kanne. På toppen av denne kanna er det eit lokk. Inne i kanna er det tre soner; 1) øvst "ringen" med kjertler som avsondrer sukkerstoff, 2) deretter "glidebeltet" som er glatt - dekka med voks og nedoverretta hår og 3) nedst "kjertelsonen" der det avsondrast væske med fordøyelsesenzym.
Blomer: Gule, grøne eller mahognybrune, lite prangande i ein klase anten i enden av hovudaksen eller i enden av sideakse. Kvar plante er (som regel) anten ein hann- eller hoplante. Blomstring krev at planten har særs gode utviklingstilhøve og det er kun fullt utvikla (dvs ganske store) plantar som blømer.
Vatning: Kalkfattig/kalkfritt vatn (regnvatn). Haldast jamnt fuktige.
Lystilhøve: Skuggeplante, trivst ikkje i sol. Liker lys, men solfri plassering, evt vintersol. Kannene vert bleike med for lite lys. Kunstlys kan brukast.
Gjødsel: Plantane fanger sin eigen mat, men kan bladgjødslast ein gong i månaden i vekstsesongen: Dusj med vanleg gjødselblanding uttynna til maks 1/3 av normal konsentrasjon. Ikkje gjødning i plantevatnet. Kan ikkje matast med kjøt, fisk, kjeks o.a. mat den ikkje fanger sjølv.
Temperatur: Låglandsartar: minst 21 garder. Høglandsartar: vinter: 18 - 22 grader, nattetemperatur minst 11 grader; sumardagar 22 - 35 gradar, nattetemperatur 11 - 15 grader. Lette å dyrke - forutsatt at temperatur og luftfuktigheit er passande... Kanner kan vere vanskeleg å få fram i vanleg stuetemperatur (her er drivhus ypperleg).
Luftfuktighet: Relativt høg for å få fram kanner på planten.
Anna stell:
Jord: Sphagnum-torv med bark, leca og/eller trekol, gjerne også levande Sphagnum-mose. Fleire typer orkide-jord er bra, med unntak av "Green-Mix". Plastpotter (brukte leirpotter inneheld for mykje kalk), gjerne med store hol i sidene, evt tremme- eller nettkorger som til orkide-dyrking. Plantast om ikkje oftare enn annakvar vår (med mindre den vannast med kaljalding vatn). Fjern all gamal jord frå røtene, pakk ikke den nye jorda fast. Vanleg potteplantejord vert for kompakt. Om planten ser tafs ut, kan ompotting (med skifte av jord) hjelpe.
Formering: Frøformering er vanskeleg, usikkert og langtekkeleg. Stiklingar tas slik: Når (småtafse) plantar skjærast ned i april-mai, kan det tas stiklingar av grøne stengelstykke med 3 blad: Fjern det nedste bladet, skjær ytste halvdel av dei øbvrige. Behandle stengelen med rotdanningshormon og stikk i (feks.) ren sphagnumtorv i potte. Sett i plastpose på lys stad utan direkte sol.
Problem:
Lenkjer: