![]() |
![]() |
![]() |
Familie: Gresskar (Cucurbitaceae).
Beskrivelse: Hurtigvaksane gresskarplante med gule blomer som vert til frukt som kan brukast som svampar når dei er modne. Dette er den einaste (kjende) planten som kan dyrkast og brukast som svamp. Det finst fleire artar, men L. cylindrica er den mest vanlege. L. acutangula er mindre.
Opprinning: India.
Bruk: Dei tettvakste indre fibra kan tørkast og brukast som svamp. I Japan vert fibra brukt til tøfler, matter og putefyll. Små frukter (> 30 cm) kallast vin-okra og kan spisast som squash. Dyrkast som mat og gryteskrubbar i heile Asia, i Japan for kommersiell eksport. I Surinames tradisjonselle medisin vert det lagd en vanndrivande te av blada, medan fruktsafta brukast mot indre blødningar. Frøa har ein lakserande effekt.
Giftigheit: Ikkje giftig. Kan spisast.
Utsjånad: Store grøne blad med dun. Gule blomer som vert til grgøne og etterkvart brune frukter. Planten kan bli 10 meter høg.
Blomer: Gule. Ho-blomene er aleine, hann-blomene i klynger. Hannene spring ut fyrst, ho-ene kjem noko seinare og må då pollinerast av insekt eller for hand.
Frukt: Det kan ta over 6 månader, sjølv med godt og varmt ver, før frukta er moden. Den skal bli brun på utsida og tørr inni, 20 - 60 cm lang. Plukk og legg i vatn ein time eller to for å få av skalet. Deretter skal den vaskast og gjerne bleikast, før den til slutt kan brukast som svamp.
Vatning: Vannast jamnleg. Vil ha mykje vatn, må ikkje tørke ut. Som andre graskarplantar har den tynne, store blad og held ikkje spesielt godt på fuktigheiten. Ved å ha den i ei stor potte, tørker den ikkje så lett ut (feks. over helga).
Lystilhøve: Sol.
Gjødsel: Gjødslast om sumaren.
Temperatur: Godt og varmt, med mykje lys og sol. Tåler absolutt ikkje kulde, feks. trekk ei kjøleg vårnatt.
Luftfuktighet:
Anna stell: Den må ha noko å vekse mot, feks netting. Kuldesensitiv.
Jord: Godt drenert sandblanda jord.
Formering: Frø. Særs enkel å gro, frøa kan kjøpast eller tas frå forrige års avling. Dei spirer etter 1 - 3 veker.
Problem:
Lenkjer: