Hypoestes phyllostachya

Namn: Flekkhypoestes (rosenstenk, Polka Dot Plant, Freckle Face) Hypoestes phyllostachya (feilaktig også under namnet H. Sanguinolenta).

Slekt: Hypoestes. Rundt 40 artar i Sør-Afrika, Madagaskar og Asia.

Familie: Akantus (Acanthaceae).

Beskrivelse: Mørkegrøne blad med rosa flekkar. Det finst òg hybridar med raude eller kvite flekkar. Vanleg potteplante, men også som eittårig hageplante. 30 - 45 cm høg, 20 - 30 cm i diameter.

Opprinning: Madagaskar. Nokre kjelder oppgir i tillegg Sør-Afrika. Potteplante i England sidan 1840.

Bruk: Potteplante, blomsterbed. Dyrkast pga. bladene.

Giftigheit: Ikkje giftig.

Utsjånad: Buskaktig med mørkegrønt bladverk med rosa, raude eller kvite flekkar. Bladene er avlange og 2 - 5 cm lange. Den vert pistrete når den vert stor, så den bør kuttast ned slik at den ikkje vert høgare enn 40 cm. Det er ikkje farleg å kutte den for mykje.

Blomer: Uanselege, lys til mørk lilla leppeblomster. Nokre tilrår at dei fjernast. Den blomstrer ikkje før den er 2 år gamal.

Vatning: Helst regnvatn eller sprinbgvatn som har fått stå og fordampe ca 24 timar. Må haldast jevnt fuktig, la ikkje tørke ut.

Lystilhøve: Halvskugge/skugge. Nokon meiner den får grøne blad om den står for mørkt, andre meiner skugge hindrer dei rosa flekkane i å bleikne. Imidlertid kjem den frå strok med relativt mykje lys (sjølv på bakkenivå under høge trær er det moglegeins meir lys enn det vi i Noreg vil kalle "skugge", så at den vil ha ein del lys er logisk. Tydinga av termen "shade" er definitivt kulturelt betinga - våre sydvendte vintervindauge kvalifiserer neppe til påskrifta "solrike" i desember!

Gjødsel: Jamnleg med halv styrke blomstergjødsel i vekstfasen.

Temperatur: 20 - 22 grader. Ikkje under 18 grader om vinteren. Lågare temperaturar kan føre til varig skade på røtene.

Luftfuktighet: Høg. Forfattaren av ei plantebok forstod ikkje korfor denne var så populær, då den var nærast håplaus å bevare om vinteren fordi den trong så fuktig luft. (Andre har derimot eit meir positivt syn på livet for og med denne planten.)

Anna stell: Kutt den ned om den vert over 40 cm.

Jord: Vanleg blomsterjord.

Formering: Stiklinger eller frø.

Problem:

Lenkjer: